Vil ikkje gamble med ferjefri E39

Statsminister Erna Solberg avviser utspelet til Frps Sylvi Listhaug om å greie ut Romsdalsaksen, som eit alternativ til Møreaksen. Samferdselsminister Jon Georg Dale uttalte i går at han stør forslaget, samstundes som at han vil halde på det regjeringa har vedteke. – Heile regjeringa har prioritert ferjefri E39, inkludert Møreaksen, og ingen av oss har tenkt til å gamble med framdrifta på det prosjektet, seier Solberg til NRK.