I august 2000 reiv bedrifta eit hus med eternittplater på Bremsnes i Averøy, utan å søkje Arbeidstilsynet om løyve.
Påtalemakta gav verksemda og dagleg leiar til saman 38 000 kroner i bøter, som ikkje er betalte.
Arbeidet vart gjort av to tilsette i Miljøservice, som tok seg av dei asbesthaldige eternittplatene.
Men bedrifta hadde ikkje søkt Arbeidstilsynet om løyve til å drive med asbestavfall. Ifølgje politiet vart området heller ikkje avsperra for uvedkomande, arbeidarane hadde ikkje tilgang til dusj og dei fekk heller ikkje legetilsyn eller tilbod om røntgenundersøking.
For desse regelbrota fekk dagleg leiar 8 000 kroner i bot, medan bedrifta fekk 30 000 kroner. I tillegg ville påtalemakta ta 90 000 kroner dei meiner verksemda hadde i forteneste på rivingsarbeidet.
Ingen av bøtene er betalte, og dermed må saka avgjerast i tingretten.
Saka kjem opp i Nordmøre tingrett onsdag denne veka.