NRK Meny

Vil ikkje behandle mur-sak

Per Kåre Johnsen i Molde seier han vil anke til Den europeiske menneskerettighetsdomstolen i Strasborg etter at Høgsterett avviser å behandle striden rundt ein 20 år gamal mur. Muren blei sett opp i strandkanten hans utan søknad i 1997, og no krev kommunen at Johnsen må rive alt og betale dagbøter på fleire hundre tusen kroner. Mannen tapte i tingretten, og verken lagmannsretten eller høgsterett vil behandle saka på nytt.

Per Kåre Johnsen ved muren
Foto: privat