Hopp til innhold

Vil hjelpe flyktningane

Om ei veke brukar Iselin Eliassen Aske (36) av ferien sin og reiser til Lesvos for å hjelpe flyktningane på nært hald. Denne helga har ho saman med veninna, Kjersti Meli Storhaug (28), samla inn store mengder med klede som ho skal ha med seg.

Saman med veninna Kjersti Meli Storhaug.

Iselin Eliassen Aske t.h og Kjersti Meli Storhaug t.v viser alt som er samla inn i løpet av helga. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Heime i gangen i Støyelråsa i Ulsteinvik har trebarnsmora plassert store sekkar med klede. 29.september reiser, Iselin Eliassen Aske, som er leiar for barneasylmottaket på Hareid. til Lesvos for å kunne bidra på nært hald.

6000 kroner i frakt

Men det kostar mykje å frakte utstyret sørover. Ho frir til lokalt næringsliv og håper nokon vil hjelpe med fraktkostnadene.

– Utfordringa er å få dekt kostnadene med transport, så vi håper at nokon bedrifter vil hjelpe oss litt. Til saman er det snakk om å betale 650 Euro, eller 6000 kroner berre i rein frakt. Så vi tek i mot all den hjelpa vi kan få, seier ho med eit smil.

Inntrykka som har kome til henne via nettsider og fjernsynsinnslag har vore sterke. Difor synest ho det er naturleg å hjelpe til.

– Det var eigentleg ei rask avgjerd. Aldri før har noko trigga meg til å reise for å hjelpe, men denne krisa gjorde det. Då er det berre å reise i håp om at eg kan hjelpe nokon av dei mange som kjem over Middelhavet. Eg vil gjerne kjenne litt på korleis dei som no bur på mottak har det og kva dei har vore gjennom. Forhåpentlegvis sit eg att med ei positiv erfaring på godt og vondt.

Eliassen Aske meiner alle kommunar må ta imot flyktningar

– Det å sjå desperasjonen til desse menneska og sjå så vanvittig mange på flukt som må ta dei vala dei gjer, det gjer inntrykk på meg, seier ho.

Kjersti Meli Storhaug (t.v) og Iselin Eliassen Aske (t.h)

Kjersti Meli Storhaug (t.v) og Iselin Eliassen Aske (t.h).

Foto: Arne Flatin / NRK

Privat tur

Initiativet til 36-åringen har ingen direkte samanheng med jobben ho har som dagleg leiar av LINK sitt statlege asylmottaket for mindreårige på Hareid.

– Det er heilt privat, og eg brukar litt av ferien min på dette, samtidig hadde eg nok ikkje gjort dette hadde det ikkje vore for den jobben eg har. Eg hadde nok ikkje fått dårleg samvit om eg ikkje hadde reist, men no har eg sjansen til å reise og hjelpe nokon.

Store mengder klede er samla inn

Store mengder klede er samla inn.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eliassen Aske seier det er veldig vanskeleg å svare på korleis ho vil reagere på det ho kjem til å sjå på nært hald, men ho veit at ho vil møte mange menneske i nød og på flukt. Samtidig trur ho at ho vil oppleve mykje glede, over at dei har overlevd den farefulle turen over Middelhavet.

Iselin meiner det er viktig med private initiativ som dette, for styresmaktene greier ikkje å handtere situasjonen åleine.