-Vi føler et ansvar for å legge forholdene godt til rette for næringslivet i Kristiansund, derfor bevilger vi 150.000 kroner til Coast Air. Ruta vil ha mykje å seie, særleg for oljeindustrien i området, etter at Braathens la ned rutetilbudet sitt frå Kristiansund for omlag to år sidan.
Det seier varaordførar i Kristiansund Anne Grethe Holmen.
Pengane frå kommunen skal gå til marknadsføringa av dei nye flyrutene frå Kristiansund til Trondheim og Bergen.
Glad for støtta
Dagleg leiar i Haugesund-selskapet Coast Air, Ole Egil Flotve, seier til NRK at dei nye rutene vil ha oppstart allereie 5. mai. -Jeg er glad for støtten fra kommunen. Det koster mye penger å starte opp nye flyruter og gjøre de kjent for næringslivet.
Selskapet har stasjonert to 18-seters fly på Kvernberget som skal nyttast til flygningane. Flyselskapet har stor tru på at det nye rutetilbodet på sikt vil løne seg.