Marius Bjørneset Steen fekk andre grads forbrenning i ein fot då han leika på badestranda i Ålesund. Han hadde trakka på brennande grillkol andre badegjestar hadde reist frå.
I sjukesenga fekk Marius denne helga besøk av brannvesenet i Ålesund. Dei hadde med seg ein bamse til guten.
Bamsen Bjørnis er brannbamse i brann- og redningstenesta, og skal gi barn og vaksne gode råd om brannvern.
No håper både Marius og Bjørnis at andre barn skal sleppe smerter på grunn av at folk ikkje tenker seg om.
Det blir ikkje meir bading denne sommaren på femåringen frå Ålesund.
Foto: Privat– Må skjerpe seg
– At folk er ute og kosar seg er fint. Men dei må skjerpe seg når det gjeld rydding og sløkking etter grilling, seier brannkonstabel Øyvind Gresdal i Ålesund brannvesen.
Om ulykka skulle skje, er rådet frå brannvesenet 20 grader vatn i tjue minutt. Om ein ikkje har anna tilgjengeleg er nedkjøling i sjøen betre enn ingen ting.
Fjernar død hud
Etter grillkolulykka har femåringen vore i narkose og fjerna all død hud to gonger. Marius går no kontinuerleg på smertestillande. Han får ikkje gå på foten på tre veker.
– Neste gong han skal behandlast kan det hende han slepp narkose, seier mora til guten, Olaug Bjørneset. – Vi håper det går fint.
Femåringen sette pris på å få besøk av brannvesenet i sjukesenga på barneavdelinga i Ålesund.
Foto: PrivatUansett blir det ikkje noko meir bading denne sommaren på guten som elskar å bade i sommarferien.
Vi gjer merksam på at mora til guten, Olaug Bjørneset, er tilsett i NRK Møre og Romsdal. Saka vart først omtalt på NRK fredag.
Det var her på Emblemssanden i Ålesund femåringen trakka på glødande grillkol.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK