Hopp til innhold

Vil heller ha bompengar enn kø

Klar beskjed til den nye statsministeren: heller bompengar enn køståing!

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven er industrileiar på Sunnmøre. Ho vil heller ha bompengar enn at vegutfordringar skal stå uløyste.

Foto: Birthe Bringsvor

Kjersti Kleven møter måndag den nye statsministeren, Erna Solberg. Og ho har ei klar oppmoding til Solberg. For Kleven meiner dei som brukar vegane må svelgje det at det kostar nokre kroner.

– Ei brei og sterk satsing på samferdsel er mykje viktigare for næringslivet enn eit bompenge-fritt Noreg, seier Kleven.

Er du samd med Kjersti Kleven? Skriv kva DU meiner i kommentarfeltet under artikkelen.

Veit kvar skoen trykkjer

Næringslivstopp Kjersti Kleven veit kvar skoen trykkjer. I tillegg til å vere øvste leiar for organisasjonen Norsk Industri, er ho styreleiar for konsernet Kleven heime i Ulstein. Med to skipsverft på øyane på Søre Sunnmøre, møter dei logistikkutfordringar kvar einaste dag. Ho er meir villegg til å betale bompengar for ferjefrie fjordkryssingar enn å stå i ferjekø.

– Ja, det er heilt klart. Samferdsel og god infrastruktur er det viktigaste enkeltvirkemiddelet politikarane kan bidra med. Og at det kjem raskt er mykje viktigare enn om vi må betale litt bompengar, seier ho.

Vil ha gode vegar både i byane og på landsbygda

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven er styreleiar for Kleven og har to skipsverft. Ho veit kvar skoen trykkjer.

Foto: Birthe Bringsvor

Kleven peikar på at verftsnæringa er svært avhengige av god infrastruktur, både når det gjeld transport av varer og rekruttering av god arbeidskraft. Og ho har klare forventningar om at den nye regjeringa jobbar for at ein skal kunne drive med industri kvar som helst i landet:

– Her må vi klare å gjere innsats både på det tettast folka området i landet og samtidig gje vekstmoglegheiter for industriklyngene våre, seier Kleven.

800 møter Erna

I dag møtast rundt 800 bedriftsleiarar, politikarar, forskarar og andre interesserte til Transport og logistikk-konferansen 2013 for å diskutere nettopp transport, logistikk og samferdsle. Der vil ho minne Erna Solberg på lovnadane dei blå gav før valet.

– Der vil eg seie at når du skal vere ei gjennomføringsdyktig regjering, som Erna Solberg har poengtert at dei skal vere, då er samferdselsområdet det rette området å vise det på, seier Kleven.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL