Hopp til innhold

Vil halde fram med rabattordning

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik er negativ til eit forslag frå Statens vegvesen om å auke ferjetakstane for pendlarar og næringsliv. Forslaget frå Vegvesenet legg opp til ein prisreduksjon for nokre trafikantar, men ein takstauke for pendlarar og næringsliv. Administrasjonen i fylkeskommunen er positiv til forenkling av takstreglementet, og avvikling av forskotsbetalinga for Autopassferje, men ber Statens vegvesen lage ei løysing som framleis gir pendlarane prisreduksjon.

Matrosen dirigerer bilane på ferjesambandet Kvanne - Rykkjem.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL