Hopp til innhold

Vurderer å granske ambulansedrift

Arbeidstilsynet vurderer å føre tilsyn med ambulansetenesta Falck Emergency. Tilsette skal ha arbeidd overtid utan å få overtidsbetaling.

Ambulanse

Tilsette ved Falck Emergency skal ha arbeidd overtid utan å få overtidsbetaling.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Midt-Noreg, Jan Erik Rinnan, stadfester overfor NRK at dei no vurderer å føre tilsyn hos Falck Emergency.

– Vi følgjer med og ser kva som skjer framover. Dermed kan det bli aktuelt å føre tilsyn hjå aktuelle aktørar i denne samanhengen, seier Jan Erik Rinnan.

Falck rydda opp

Sist fredag varsla Falck Emergency at dei skulle rydde opp i eigne rekkjer. Dei tilsette fekk informasjon om nye turnusar. Auka bemanning skal setje stoppar for ordninga med ekstravakter utan tilleggsbetaling

– Vi har hatt ein omdiskutert metode, der det er stilt spørsmål ved det juridiske. Difor har vi valt å avslutte denne metoden umiddelbart, sa ambulansedirektør Rolf Thomas Sevendal til NRK Møre og Romsdal fredag.

Stor ambulanseaktør

Falck Emergency er ein del av det nordisk baserte Falck-konsernet, som har hovudkontor i København. Dei hevdar at dei no er Europas største oparatør innan ambulanse- og pasienttransportar.

Utanom Noreg driv Falck Emergency ambulansar i Danmark, Sverige, Polen, Finland, Belgia og Slovakia. Dei ahr over 1000 ambulansar, over 250 ambulansestasjonar og 6000 tilsette.

-Kan ikkje sørge for utbetaling

Arbeidstilsynet kan imidlertid ikkje sørge for at dei tilsette får utbetalt tillegga dei har krav på. Det som har skjedd i fortida må arbeidstakarane sjølve ta opp med arbeidsgjevaren.

– Vi kan kreve at dei etterlever eit regelverk og har rutinar for utbetaling. Det som gjeld utbetalingar som alt har vore gjort er ei sak mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar i eit privatrettsleg forhold, seier Rinnan.

Stiller krav

Helse Midt-Noreg er i ferd med å vurdere ambulansetenesta på nytt. I dette arbeidet kjem dei til å stille strenge krav til korleis tilbydarane etterlever arbeidsmiljølova.

– Vi forventar at dei held seg innanfor norsk lov. Det vil også seie reglane for arbeidstid. Vi kjem til å legge ekstra vekt på dette på bakgrunn av det vi har sett, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, Tor Harald Haukås.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL