Hopp til innhold

Vil ha tydelegare rutinar

Støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal vil ha betre rutinar for lokale markeringar.

Minnemarkering i Bergen 22.juli 2012

BLOMSTERHAV: Blomsterhav under ei minnemarkering for 22. juli.

Foto: Hanne Marie Molde/NRK

Det er snart fire år sidan terrorhandlingane 22. juli. Det var tre personar frå Møre og Romsdal som omkom, Sverre Flåte Bjørkavåg frå Sula, Guro Vartdal Håvoll frå Ørsta og Jon Vegard Lervåg frå Ålesund.

Hittil har ikkje dei tre kommunane hatt faste rutinar for korleis minnemarkeringar skal gå føre seg. Leiar i støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal, Hege Løseth, seier dei har sendt brev til kommunane der dei oppfordrar til tydlege rutinar for markeringane:

Hege Løseth

Hege Løseth fortel at det ikkje berre er for dei etterlatne det er viktig å delta på lokale minnemarkeringar, men også for samfunnet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Grunnen til at vi no sender brev er at vi har erfart at det har blitt gjort på ulikt vis og på ulike datoar kvart år.

Les også: – Mange har ikke fått den hjelpen de trenger etter terroren

Viktig for samfunnet

I brevet ber støttegruppa om å få opplysningar om kva markering som skal finne stad den 22. juli i 2015, i tillegg til at dei ber kommunane om å utarbeide gode rutinar for framtidige markeringar.

Løseth fortel at det å delta på lokale minnemarkeringar ikkje berre er viktig for dei etterlatne, men også for samfunnet.

– Vi må ikkje gløyme at det er haldningar som ligg bak terrorhandlingane. Desse haldningane og denne radikaliseringa må kanskje komme fram i samfunnet og bli ein god debatt som går heile tida.

Les også: – Et viktig sted for oss alle

Etter ferien

Ingen av kommunane skal ha arrangement i regi av kommunen den 22. juli i år, men enkelte arrangerer markeringar i privat regi. Ørsta kommune har også tidlegare hatt ei markering 1. mai ved minnesmerket.

Kommunalsjef i Ålesund kommune, Liv Stette, fortel at kommunen etter ferien skal ta initiativ til å lage rutinar for seinare års markering.

– Vi vil ta kontakt med Spjelkavik kyrkje og støttegruppa for å diskutere rutinane slik at det blir meir tydeleg.

– Eg trur det er svært ryddig for alle partar å ha rutinar, elles blir det veldig mellombels kvar gong. Då blir det slik at ein tenker at no nærmar det seg att, skal vi gjere noko eller skal vi la vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL