Hopp til innhold

Vil ha tvungen koronatest av alle båtar frå raude hamner

Ordføraren i Sula på Sunnmøre fryktar ny smittebølge når fem russiske trålarar kjem. No ber han styresmaktene om å stramme inn regelverket.

Jim Arve Røssevoll

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll (Ap) er livredd for at russiske fiskarar skal spreie smitte i lokalsamfunnet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vesle julaftan var endeleg den siste russiske båten i Sula på Sunnmøre erklært smittefri. Då hadde 60 russiske mannskap frå tre båtar testa positivt på covid-19. Også Bergen, Tromsø og Sør-Varanger har hatt besøk av skip med koronasmitte.

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll (Ap), er livredd for at det same skal skje på nytt, når det om få dagar kjem fem nye russiske skip for å utføre vedlikehald på verftet. Han meiner at det bør innførast obligatorisk testing av alle skip som kjem frå område med mykje smitte.

– Vi kan ikkje vere trygge på at båtane som kjem hit er smittefrie, seier Røssevoll. Den største frykta til Røssevoll er at smitte skal spreie seg til lokalbefolkninga.

Mannskapet på russiske fiskebåter

60 russiske fiskarar fekk påvist korona då tre båtar låg til kai ved Fiskerstrand verft på Sunnmøre-

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kan gå fritt i bygda

Dersom ingen melder om symptom, og det har gått meir enn ti dagar sidan skipet var innom ei raud hamn kan mannskapet gå fritt ut landgangen.

Kommuneoverlege Marianne Bjerkevåg seier det har vore ein svært krevjande situasjon for den vesle kommunen med 9300 innbyggjarar. Ho ynskjer å ha ei lov å banke i bordet med.

– Det hadde vore enklare med ein lovheimel slik at vi kunne teste mannskapet sjølv om det har gått over ti dagar sidan anløp frå hamn i raudt område, seier Bjerkevåg. Ho meiner at det ikkje er effektivt med 10 dagars karantene om bord i båtar, sidan dei bur og arbeider trongt.

Marianne Bjerkevåg, kommuneoverlege i Sula

Marianne Bjerkevåg er kommuneoverlege i Sula. Ho ynskjer ei lov som seier at mannskap skal bli testa, sjølv om det har gått ti dagar sidan anløp i hamn i raudt område.

Foto: Remi Sagen / NRK

Reglane er allereie strenge

Anne Grethe Erlandsen (H), statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet seier at dei fylgjer faglege råd frå Helsedirektoratet.

– Det vi veit i dag er at reglane vi har i dag fungerer bra. Ti dagars karantene er viktig og så er det viktig at alle som kjem til Noreg testar seg, seier Erlandsen.

Assisterende helsedirektør Espen Nakstad orienterer om bruk av nye hurtigtester på Aker sykehus.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at dei ser på karantenebestemmingane, men at reglane allereie er strenge for dei som kjem frå raude land.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad forstår bekymringa i Sula, fordi det har vore mange smittetilfelle ved utanlandske fartøy som kjem til norske hamner. Han seier at dei ser på alle karantenebestemmingane no.

– Vi har allereie strenge reglar for alle som kjem inn til Noreg frå raude land. Nesten alle land i Europa er raude. Det betyr at alle er underlagt karanteneplikt og unntaka er svært snevra inn, seier Nakstad.

–Kan de ikkje berre seie at her bør alle teste seg?

– Det skal også vere kapasitet i kommunen til å faktisk gjennomføre testinga, så praktiske forhold rundt det er også viktig å sjå på, seier Nakstad.

– Liten risiko for smitte

Pressetalsmann Sergej Sennikov i Norebo Management Company, som eig mange av dei russiske trålarane på Sula, er usikker på om obligatorisk testing er vegen å gå.

– Det er ein god ide å ha streng kontroll med alle som kjem til Noreg, men problemet er at det kan gi ekstra kostnader for reiarlag og at kommunen må bruke ressursar på testinga. Vår erfaring er at risikoen med smitte etter for eksempel ein månad på havet, er liten, seier han.

Sergej Sennikov

Sergej Sennikov er pressetalsmann for det russiske reiarlaget Norebo Management Company.

Foto: privat

Krevjande med smitte

Ordførar i Sula er skuffa over svaret frå styresmaktene. Han veit sjølv at det er utfordrande for kommunane å skulle gjennomføre alle testane, men det skal dei klare.

– Alternativet er langt meir krevjande og det er at smitten blir spreidd ut til befolkninga, seier Røssevoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL