Hopp til innhold

Vil ha turistveg i tunnel

Ordførarar og turistnæring vil ha turistvegen til Geiranger i tunnel.

Riksveg 63 under Stavbrekkfonna
Foto: Statens vegvesen

Riksveg 63 mellom Geiranger og Grotli er framleis stengd etter eit det på torsdag gjekk eit stort ras.

No vil kommunane og turistnæringa legge vegen i tunnel, seier ordførar i Stranda Frank Sve.

Ikkje nok

Men ein tunnel forbi Stavbrekka er ikkje nok til å gjere vegen mellom Geiranger og Grotli køyrbar heile året, seier distriktsvegsjef i Statens Vegvensen Ragnhild Vestre.

- Det raset som gjekk på torsdag viser at tunnel ikkje er løysinga. Dette raset gjekk nemleg utafor der det kan vere aktuelt med tunnel, seier Vestre.

Ti stader

Ti utsette punkt på denne strekkninga må sikkrast for å få heilårsveg. Distriktsvegsjefen seier at det er teknisk ukomplisert, men at det vil verte eit dyrt prosjekt. Arbeidsgruppa for heilårsveg vil møtast over ferien og ifølgje ordførar Frank Sve vil prisen på ein tunnel blir mindre enn tapet for turistnæringa.

- Når vegen er stengt ein månad i høgsessongen, fører det til enorme tap for reiselivet, seier Sve.

Mandag vil Vegvesenet på nytt vurdere om når vegen kan opnast.