Hopp til innhold

Vil ha trykte rutehefte

Pensjonistpartiet likar ikkje at fylkeskommunen let vere å trykke opp dei nye rutehefta for buss. – Dette er slettes ikkje bra, og ekskluderer dei som ikkje klarer å følgje med på den teknologiske utviklinga, seier Dagfinn Wiik, leiar av Pensjonistpartiet i Møre og Romsdal. Dei nye rutene gjeld frå 1. mai, og for første gong blir hefta ikkje å finne i trykt utgåve. Kollektivselskapet FRAM legg i staden ut ruteendringane på mobilapp og nettsider. Wiik meiner ruteheftet burde trykkast i eit mindre opplag for å kome i møte eldre som ikkje taklar nett- og mobilteknologien.

Dagfinn Wiik
Foto: Aleksander Båtnes / NRK