Vil ha to milliard til rassikring

Nasjonal rassikringsgruppe meiner det er behov for ein årleg auke til rassikring av fylkesvegane på to milliard kroner i forhold til det regjeringa har lagt opp til. I dag startar høyringa om Nasjonal transportplan i Stortingets transportkomite. Leiar for gruppa, Jenny Følling (Sp) har håp om at forhandlingane fører fram.