Bygda går til ny kamp for fossen

Mardalsfossen har vore regulert til kraftproduksjon i 46 år. No ber bygdefolket i Eikesdalen olje- og energiministeren om å sleppe fossen fri.

Mardalsfossen

MARDALSFOSSEN: Frå 20. juni til 20. august kvart år blir det sleppt litt vatn i Mardalsfossen. Stortinget vedtok å bygge sluser oppe på fjellet, for fleirtalet kunne ikkje godta at fossen blei tørrlagt for alltid. Dersom det viste seg at vedtaket var feil, kunne fossen sleppast fri igjen. Folket i Eikesdalen meiner vedtaket var feil – no startar dei kampen for Mardalsfossen på nytt.

Foto: Roar Strøm / NRK

EIKESDALEN/NRK: Folket i den vesle bygda i Romsdal har kjempa før. 70 prosent av vatnet er ført over til nabokommunane etter tre store kraftutbyggingar.

Kampvilje

Eikesdalen har betalt ein for høg pris for utbygginga av fornybar energi her i landet, meiner bygdefolket.

– Dei må forstå at det ikkje går an å legge ein så fin foss i rør, seier Torstein Oppigard.

Torstein Oppigard (t.v.) og Jon Sæter

ODELSGUTAR: Torstein Oppigard (t.v.) og Jon Sæter var odelsgutar i Eikesdalen då Mardalsfossen blei regulert til kraftproduksjon. No meiner dei det er på tide å få fossen tilbake for godt.

Foto: NRK

Han står under ei stupbratt fjellside. Det er ein blågrå novemberdag, og den ein gong så mektige Mardalsfossen er berre nokre vassdropar som sildrar over kanten frå den regulerte dammen Mardalstjønna.

Video Mardøla-aksjonen 40 år

MARDØLA-AKSJONEN: Den første sivil ulydigheits-aksjonen for kamp om natur her i landet.

Foto: Nyhetsspiller

Oppigard var 23 år i 1970. Saman med kompisen Jon Sæter, kjempa han til siste slutt for Mardalsfossen. Med økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng i spissen samla bygdefolk og naturvernarar seg til ein felles kamp mot utbygging av Mardøla. Men vedtaket var gjort. Fossen forsvann.

– Vi forstår at vi må ha straum. Men det skulle vore ulovleg å ta kvar einaste vassdrope ut av ei lita bygd, seier Oppigard og kikar opp mot fossen som ikkje er der.

Gamle vasskraftkonsesjonar

No har folket i Eikesdalen nytt håp. Fram til 2022 kan over 400 gamle vasskraftkonsesjonar bli tatt opp til revisjon. Målet er større miljøgevinst med minst mogleg krafttap.

Atle Harby, forsker ved CEDREN og SINTEF med kollega.

FORSKAR: Atle Harby frå SINTEF og CEDREN og Marie-Pierre Gosselin frå UNI Miljø, forskar på korleis vasskraft kan bli mest mogleg effektiv med minst mogleg ulemper for miljøet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Forskar i CEDREN, Atle Harby, har jobba mykje med dette temaet.

– Vi har mykje meir kunnskap no enn då Mardalsfossen blei bygd ut. Det går ikkje an å få miljøet heilt upåverka, men det finst løysingar som kan gi både mykje vasskraft og godt miljø, seier han.

Men for fossar er det gjerne enten eller.

– Det er sjølve fossefallet ein utnyttar til kraft. Dermed er det ei verdivurdering om ein skal la fossen renne fritt, eller bruke den til fornybar kraft.

Ber olje- og energiministeren hjelpe

I Eikesdalen er dei ikkje i tvil. Fossen er meir verdt i fritt fall. Dei står samla bak eit brev til olje- og energiminister Tord Lien (Frp), der dei ber om å få fossen tilbake.

Bygdefolket er samla i kravet om å få fossen tilbake.

SAMLA: Mange av dei som kjempar for fossen, har aldri sett han i fri flyt. Det er 46 år sidan utbygginga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mardalsfossen er ein stor turistattraksjon allereie, og han kjem til å gi mykje meir inntekter om han blir sleppt fri att, seier initiativtakar Marit Wadsten.

Les: Brevet til Tord Lien

Marit Wadsten, forfattar brev til olje- og energiministeren.

TIL KAMP: Marit Wadsten meiner det er på tide å sleppe Mardalsfossen fri.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eit overslag NVE har gjort for NRK viser at Mardalsfossen gir om lag 20 millionar kroner i inntekter årleg med dagens kraftpris. Nesset kommune tener mellom 3–5 millionar årleg på Grytten-utbygginga. Olje- og energiminister Tord Lien vil ikkje svare klart på spørsmålet om å sleppe fossen fri.

– Eg forstår engasjementet, men vi kan ikkje love noko. Revisjonen er i 2020, seier han til NRK – men han lovar å svare på brevet.

Mardalsfossen er eitt av verdas høgaste frie fossefall. I 1970 vart det vedtatt at fossen skulle byggast ut og vatnet vart leda vekk frå Eikesdalen. Men kvar sommar blir litt av vatnet skrudd på igjen og sjølv i redusert form er Mardalsfossen eit mektig syn.

Her kan du sjå korleis det går føre seg når vatnet i Mardalsfossen blir "skrudd på" til turistsesongen.