Hopp til innhold

Vil ha tak i fleire slike

Turistnæringa siklar etter asiatiske turistar med tjukke lommebøker. No er håpet at fleire av dei kjem til Møre og Romsdal.

Japanske turister kjører hundeslede

Japanske turistar fekk oppleve hundrekøyring då dei besøkte Tromsø sommaren 2011. Reiselivsnæringa vil lokke dei til Møre og Romsdal ved å fortelje om fjordane.

Foto: Heiko Junge / SCANPIX / Scanpix

Rike asiatiske turistar kan bli stadig viktigare for reiselivsnæringa i Noreg. Medan finanskrisa rir Europa, blir turistane frå andre kontinent stadig viktigare.

Store folkemengder

Arne Aambakk

Styreleiar Arne Aambakk i Møre og Romsdal Reiseliv.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Styreleiar Arne Aambakk i Møre og Romsdal Reiseliv ser med interesse på den asiatiske marknaden.

– Vi veit at her er enorme folkemengder. Det finst naturlegvis mykje elende og folk som tenar lite, men også ei gruppe menneske som har massevis av pengar, og som kan bruke desse på reise og på å besøkje vårt område, seier Aambakk.

Ser med interesse på Kina

En japansk turist knipser løs i Oslo Rådhus

Turistnæringa i Møre og Romsdal vil ha dei japanske turistane ikkje berre til Oslo, men også til Møre og Romsdal. Håpet er at dei skal leggje igjen mengder av pengar.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Det er dei japanske turistane som i første rekkje har reist frå Asia til Noreg dei siste åra. Men berre i Kina bur over 1,3 milliardar menneske.

– Kina er veldig interessant. Eg meiner at mulegheita for å auke trafikken frå dette marknaden her er veldig store. Vi ser at interessa for presse- og visningsturar til fylket aukar kvart år, seier Aambakk.

Vil doble turisttalet

Geir Steinar Vik

Reiselivssjef for Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, seier asiatiske turistar lengtar etter å sjå norske fjordar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den økonomiske situasjonen lenger sør i Europa har stoppa mange av dei spanske og italienske turistane, som tidlegare kom til Noreg. Det gjer at næringa er stadig meir opptekne av Asia. I 2012 sto asiatiske gjester for 25 000 overnattingar i Møre og Romsdal åleine. Reiselivssjef for Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, vil doble dette i løpet av få år.

– Dei vil ha natur og fjord. Vi har ein heilt annleis natur enn dei har, og spesielt fjordane våre er eit stort, stort trekkplaster, og det har vi, seier Vik entusiastisk.