Hopp til innhold

Vil ha svar på kva som stoppa E136

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) vil ha svar frå samferdselsministeren på kvifor overføringa av dokument og planar frå Statens vegevsen til Nye veier om E136 blei stoppa i november.

Det skjer gjennom eit skriftleg spørsmål i Stortinget. Orten vil vite om det ligg partipolitiske grunnar bakog om dette har ført til ei forsinking av prosjektet.

Mange krev snarleg oppstart på utbetring av E136 mellom Vestnes og Innlandet grense, men vegen var ikkje blant dei strekningane som Nye Veier har utlyst no.

Helge Orten
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK