Vil ha svar frå Wara

Sp-politikar Jenny Klinge, som sitt i justiskomiteen vil denne veka overlevere eit skriftleg spørsmål til justisminister Tor Mikkel Wara, om plasseringa til regjeringas krigshovudkvarter. Det skriv Aftenposten. Spørsmålet kjem etter at det måndag blei kjent at norske myndigheiter ved fleire anledningar har avslørt sensitiv informasjon, om regjeringa sitt hemmelege anlegg ved krigssituasjonar. Klinge seier ho vil vite om regjeringa er einig i at anlegget må flyttast dersom plasseringa er avslørt.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).
Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet