Ferjerutene skal konkurranseutsettast og planen var å sjå dei fire ferjerutene i Romsdal i samanheng – den såkalla Romsdalspakken.
Men kravet om gassferjer over Romsdalsfjorden vil forseinke utlysing av dei andre ferjerutene i Romsdal, meiner midsundordførar Helge Orten – så mykje at Midsund blir skadelidande.
Midsundordføraren tar opp saka i eit brev til Statens vegvesen og ber dei vurdere om det er mogleg å framskunde anbodsutlysing av rute 30 Solholmen - Mordalsvågen, uavhengig av Romsdalspakken.
Kravet er ein auke i kapasiteten i sambandet i løpet av dei neste 1-2 åra. Ruta har ei av dei eldste ferjene i fylket som ikkje tilfredsstiller kravet til kapasitet.