Vil ha Stad skipstunnel

Arbeidarpartiet vil løyve 7 mill. kroner til Stad skipstunnel i sitt alternative statsbudsjett for 2020. Det seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta, og Ingrid Heggø frå Høyanger. – Det er avgjerande å unngå at Kystverket sitt arbeid med skipstunnelen stoppar opp. I tråd med innspela frå styringsgruppa for Stad skipstunnel foreslår vi derfor 7 mill. kroner til oppstart av arkeologiske utgravingar, kontrahering og utarbeiding av konkurransegrunnlag, seier Holen Bjørdal.

Stad skipstunnel
Foto: Illustrasjon Kystverket