Hopp til innhold

Ber nabokommunar slutte å kjekle med Ålesund

– Nabokommunane må stoppe småsøskenkranglinga med Ålesund, det seier Geir Vinsand i analyseselskapet NIVI. Vinsand er ekspert på kommunesamanslåing, og meiner kommunane må løfte blikket ut over eigne grenser.

Kommunesamanslåing

Geir Vinsand

Geir Vinsand har lita forståing for småkommunane sin motstand.

Foto: Trond Vestre / NRK

Storebror Ålesund har til no vore ein lite populær samtalepartnar når naboane har diskutert nye kommunegrenser. Ikkje minst har Ålesund sin dårlege økonomi og krangel om bominnkrevjing gjort sitt for å skape motstand.

Geir Vinsand i analyseselskapet NIVI meiner nabokommunane no må slutte med det han kallar småsøskenkrangel.

– Ålesund er ein veldig liten kommune i areal og det er også nabokommunane. Det er full vegutbygging, og både geografien og busetjingsmønsteret er totalt endra sidan kommunegrensene var sett. Difor er det rart at leiarane prioriterer å dyrke den lokale konkurransen, seier han til NRK.

Bør bruke tida på å modernisere

Regjeringa har sett i gang ein prosess der kommunane har frist til våren 2016 med å komme fram til eigne forslag til samanslåingar, men rundt Ålesund har altså motviljen vore stor.

Vinsand meiner kommunane i staden bør bruke tida til å utvikle ein moderne storkommune.

–Det er eit historisk vindauge fram til våren 2016 til å utvikle ein regionkommune med utvida oppgåver, så det er rart at de ikkje bruker tida til det, seier han.

Skepsis i Sula

Geir Ove Vegsund

Geir Ove Vegsund frå Høgre er ordførar i Sula.

Foto: Terje Reite / NRK

I Sula er det stor skepsis mot å bli slått saman med Ålesund. Ei undersøking analyseselskapet Sentio har gjort for Sunnmøre regionråd gir ein peikepinn på at folk i Sula slett ikkje ønskjer å bli ein del av Ålesund.

Høgre-ordførar Geir Ove Vegsund vil likevel ikkje trekkje konklusjonen enno.

–Vi skal starte ein grundig prosess og informere om reforma og dei utfordringane som ligg framover, og sjå kva råd innbyggjarane vil gi oss som politiske leiarar, seier han til NRK.

Mest fragmentert i landet

Men Vinsand trur ikkje kommunane rundt Ålesund har noko val. Han viser til at dette i lag med ni andre bysamfunn har den mest fragmenterte kommuneinndelinga i heile landet.

Han trur difor ikkje at dagens kommuneinndeling blir vidareført.

– Dersom det ikkje blir fornuftige prosessar rundt Ålesund, så kjem Stortinget og Kommunaldepartementet til å ta initiativ til å starte slike prosessar sjølve, seier Vinsand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL