Fleire at dei mest trafikerte turiststrekningane på Sunnmøre har tunnelar som lek kraftig. Dette gjer at støv og skit festar seg og hindrar god utsikt, og difor må SRB vaske bussane kvar gong dei skal ha ombord turistar, seier trafikksjef Lars Kolbjørn Nogva.
Ingen lovnader
Det er særleg to tunnelar som har store vasslekkasjar. Det er Ljønibbtunnelen inn mot Hellesylt i Stranda, og Blixhammertunnelen inn mot Valldal i Norddal. Distriktsvegsjef Kirsti Slotsvik stadfestar at tunnelane har store lekkasjar, men kan ikkje love utbetringar med det første.