Hopp til innhold

Vil ha slutt på ferjekaoset på Hareid

På Hareid er det ofte kaotisk morgon og ettermiddag i rushtrafikken på ferjekaia.

På Hareid er det ofte kaotisk morgon og ettermiddag i rushtrafikken på ferjekaia. Ordføraren vil ha inn ei ekstra ferje og grur seg til den omstridde ferja Ullensvang skal inn på ruta frå nyttår.

SJÅ TV-SAKA: Ordføraren ser fleire som ofte snik i ferjekøen på Hareid. Det likar han dårleg.

Anders Riise

Ordførar i Hareid, Anders Riise, har tidlegare sagt at det å sette inn denne gamle ferja Ullensvang er å gå baklengs inn i framtida.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Frå kontoret sitt på Hareid har ordførar Anders Riise (H) god oversikt over det han sjølv meiner er eit ferjekaos.

Han vil ha inn ei ekstra ferje og grur seg til den omstridde ferja MF Ullensvang skal inn på ruta frå nyttår.

– Her trengst det lysregulering og ei betre organisering. Det beste hadde vore om vi hadde tre ferjer heile dagen, meiner ordføraren.

Står igjen på kaia

Mange er vande med ferjekaoset. Trailersjåfør Roy Andorsen fortel at det er spesielt kaotisk i rushtrafikken.

– Det er dessverre ikkje noko vi får gjort noko med. Er det mykje bilar så blir vi ståande igjen på kaia, seier Andorsen.