Hopp til innhold

Vil ha sjukdomsfri Romsdalsfjord

Mattilsynet og lakseoppdrettarane legg heile Romsdalsfjorden utanfor Molde brakk for å bli kvitt laksesjukdommar.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Oppdrettsanlegget til Villa ved Furneset, Vestnes

Foto: Villa

Dette omfattar ei rekke oppdrettskonsesjonar, og gjeld oppdrettsselskapa Raumagruppen, Villa Organic, Lerøy Hydrotech, Marine Harvest og Øylaks., skriv NTB.

Ola Krogstad i Mattilsynet

Ola Krogstad er seksjonssleiar i Mattilsynet i Romsdal

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Handlingsplan

Mattilsynet og oppdrettarane er no blitt samde om ein handlingsplan mot laksesjukdommane PD og ILA. Området har vore prega av mange små aktørar, og anlegga har stått tett. Så tett at ein reknar med at sjukdommane har smitta frå det eine anlegget til det andre, gjennom sjøen eller via brønnbåtar.

- Mattilsynet har arbeidd saman med oppdrettsnæringa eit års tid for å få samordna utsetting av fisk og brakklegging av anlegg, seier seksjonssjef Ola Krogstad i Mattilsynet i Molde.

Anders Talleraas

Anders Talleraas er styreleiar i Raumagruppen

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vil ha frisk fisk

Styreleiar i Raumagruppen, Anders Talleraas, seier til NRK at dei er opptatt av å bekjempe fiskesjukdomane i fjordsystemet.

- Vi ønskjer ein sjukdomsfri fjord og at det skal vere mogleg å drive skikkelig godt med oppdrett her, seier Talleraas. - For å få til det må vi ha frisk fisk og rømningsfrie anlegg, seier han.

Samarbeider

- Vi ønskjer å bidra gjennom samarbeid med Mattilsynet på ein veldig omfattande måte. Raumagruppen har mange oppdrettsanlegg ute i Midsund-området og innover i Romsdalsfjorden.

- Vi trekkjer no anlegg innover i fjorden og oppretter nye lokalitetar der medan den ytre delen av Romsdalsfjorden ligg brakk, seier Anders Talleraas.

Villa

Villa Organic i Vestnes, eitt av selskapa som er med på handlingsplanen, har selt 3 av sine 4 konsesjonar i Romsdalsfjorden og den tilhøyrande fisken til Lerøy-selskapet, som skal bruke konsesjonane i Gjemnes. Villa har to oppdrettsanlegg i Midsund og eitt på Furneset i Vestnes. Dessutan har selskapet ein lokalitet på Rekdal i Vestnes som enno ikkje er teken i bruk.

Leppefisk og lakselus

Johan E. Andreassen

Konsernsjef Johan E. Andreassen, Villa Organic

Foto: Villa

Anlegga i Midsund blir tømte i løpet av sommaren, anlegget på Vestnes har vore tømt i eitt år. Det skal no brukast til eit avgjerande forsøk når det gjeld bruk av leppefisken berggylte i kampen mot lakselus. Villa har drive forsøk med dette i fleire år, og no skal dei for første gong teste om berggylte som er oppdretta et opp lakselusa like effektivt som den ville berggylta.

- Akkurat no står mellom 1000 og 2000 oppdrettsberggylte på Høgskolen i Ålesund og ventar på å bli sleppt i merdene på Vestnes i lag med laks. Går dette forsøket slik vi har von om, kan det bli sett i gang kommersielt oppdrett av berggylte, seier konsernsjef Johan E. Andreassen i Villa Organic.