NRK Meny
Normal

Satsar på pilegrimsturisme langs kysten

Dersom fylkeskonservatoren og Møre bispedømme får viljen sin, vil pilegrimar snart kunne valfarte til mellomalderstadar i Møre og Romsdal.

Kystpilegrimsleia Møre og Romsdal

Fleire stader i Møre og Romsdal er aktuelle for reiselivsprosjektet «Kystpilegrimsleia».

Foto: Bjørn Ringstad

Kystpilegrimsleia

Her gjekk truleg kystleia for pilegrimane i mellomalderen.

Foto: Bjørn Ringstad

Arbeidet med å utvikle kystpilgrimsleia er i gong for fullt. Målet er å få leia, som går frå kysten frå Rogaland i sør til Nidaros i nord, godkjent som nasjonal pilegrimslei til neste år.

Historisk kystlei

Kulturrådgjevar i Møre Bispedømme, John Erik Brakstad, seier ei kystlei høyrer heime i den nasjonale pilegrimssatsinga.


– Då pilegrimane reiste til Trondheim og Nidaros i mellomalderen så var det mange som gjekk til beins. Det var langt og det var farleg. Dei fleste valde å følgje kysten nordover, og dette prøver vi å til å bli eit prosjekt som høyrer med til pilegrimssatsinga her i landet, forklarar han.


Prosjektet om kystpilegrimsleia er eit samarbeid mellom fylkeskommunane og bispedømma mellom Rogaland og Sør-Trøndelag. For pilegrimar er det nemleg religiøse kulturminner som er trekkplasteret.

Kulturminner har vestlandskysten meir enn nok av, meiner Brakstad. Han synest det er positivt at desse no kan bli løfta opp og vist fram til endå fleire.

– Det finst mykje flott mellomalderhistorie også her i Møre og Romsdal. Eg trur kystpilegrimsleia kan vere ein måte å presentere desse perlene som ligg som ei snor langs vestlandskysten, seier han.

Mange destinasjonar

I Møre og Romsdal er det mellomalderstadane og kyrkjene i Vanylven, Herøy, Giske, Borgund, Veøy, Kvernes og Edøya, som ein no planlegg å leggje langs leia. Det fortel fylkeskonservator Bjørn Ringstad som var på eit møte i Bergen denne veka om kystleia. Sjølv skulle han gjerne hatt langt fleire stader med på lista.

– Møre og Romsdal var det fylket som hadde desidert flest. Vi hadde 14 destinasjonar i vårt fylke som vi ønskja å ha med. Dei som låg på andreplass hadde sju. Slik som det er no er det litt skeivt, for Sør-Trøndelag stod att med berre tre, forklarer fylkeskonservatoren.

– Vi har redusert det litt hjå oss førebels, men vi skal prøve å få dei med likevel, legg han til. På kanskje-lista er mellom anna Ulstein, Bud, Grip, Tingvoll, Frei og olavsvegen i Norddal aktuelle.

St. Jetmund

Sankt Jetmund kyrkje på Åheim i Vanylven vil bli kunne bli eitt av pilgrimstadane på kystpilegrimsleia.

Foto: Bjørn Ringstad


Ventar på godkjenning

Forprosjektet skal vere avslutta innan 30. juni, og fylkeskonservatoren trur dei ligg godt an for å kunne setje i gong arbeidet for alvor til hausten. Han kan ikkje tenkje seg at prosjektet ikkje får nasjonal godkjenning til prosjektet neste år.

– Det ser eg på som lite aktuelt, for å seie det sånn. Eg reknar med at dei som er involverte ønskjer å gå vidare med dette, og vi har fått tydelege signal frå riksantikvaren om at dette er noko dei ønskjer at vi skal satse på, seier Ringstad.

– Stort potensial

John Erik Brakstad

John Erik Brakstad er kulturrådgjevar i Møre bispedømme.

Foto: Kirken.no

Direktør i Nasjonalt pilegrimssenter, Berit Lånke, trur kystpilegrimsleia vil kunne få positive ringverknader for nærmiljøa dersom prosjektet kjem i hamn.


– Tilbydarar som har eller etablerer ein stad der pilegrimane kan ete eller overnatte skal kunne akkumulere inntekt i tillegg til andre inntekter frå andre forbifarande. Vi har sett dette fungere andre stader, ikkje minst på pilegrimsvegen til Santiago de Compostela, seier ho.

Også Brakstad i Møre Bispedømme dreg fram Santiago de Compostela. Han meiner den spanske pilegrimssuksessen lett kan overførast til vestlandskysten.

– Det er ein kombinasjon av mange ting som folk set pris på no. Både det å søkje ein identitet og røter, verdiar og oppleve fantastisk natur og vere i aktivitet Ein ser kva som skjedde med pilegrimsvegen i Spania. Det byrja i det små og vart kjempepopulært.

– Eg trur det vi kan tilby på kysten er fullt på høgde og vil vere kjempespennande for mange, seier han.