I startgropa
Gjennom Sparebank 1 Gruppen tilbyr banken slike forsikringar, og er no i startgropa til å nå ein heilt ny marknad, seier salssjef Øystein Solli.
Øystein Solli Foto:Romsdals Fellesbank
600 har ikkje
Eit oversyn viser at banken har nesten 600 bedriftskundar som ikkje har tenestepensjonsordning.
Byggjer kompetanse
Sparebank 1 Midt-Norge hjelper no sin eigen bank i Romsdal med å få tak i alle bedriftene som ikkje har ei ordning med tenestepensjon for dei tilsette . Etter det store Pensjonsforliket mellom regjeringa og Arbeidarpartiet,må forsikringssselskapa no sette både seg sjølve og bedriftene inn i kva dette betyr.
Romsdals Fellesbank tilsetter spesialistar og skal også kurse dei nesten 50 kunderådgjevarane sine før dei skal møte leiing og tilsette i bedriftene dei betener.
Vil ikkje gi råd
Solli seier han ikkje vil rå nokon til kva ordning dei skal gå inn på. Det er mogleg å teikne både ei ytelsesbasert forsikring- det vil sei at kvar enkelt veit kva dei får i pensjon- slik til dømes stat og kommune har , og det er mogleg å teikne ei innskotsbasert pensjonsforsikring. Då vil avkastninga avgjere kor stor utbetalinga vert.