Frå nyttår fell denne ordninga vekk, og asylmottaka i fylket melder om at asylsøkjarane blir passive av at dei ikkje lenger har noko å gjere på.
Heggem ber no kommunalministeren vurdere om norskopplæringa bør innførast på nytt.
Snur døgnet
Frå nyttår er det altså berre dei som har fått opphaldsløyve som får norskopplæring, alle som går og ventar på eit vedtak - har ingen rett på undervisning.
Heggem har nyleg vore på besøk ved asylmottaket Svanviken i Eide kommune. Der er tilbakemeldingane krystallklare. Asylsøkjarane har ikkje lenger noko å fylle dagane sine med. Dette fører igjen til at mange snur døgnet - nokon har vore nøydde til å ta barna ut av barnehage fordi dei ikkje lenger følgjer den normale døgnrytmen. Heggem meiner dette er alvorleg. Han presiserer at det ikkje er frykta for auka kriminalitet som får han til å ta opp spørsmålet.
Trygve Sira, som er dagleg leiar ved asylmottaket i Eide, er glad for at saka no blir sett på dagsorden i stortinget.