NRK Meny
Normal

Vil ha nytt regelverk for geiter

Både grunneigarar og Mattilsynet trur at eit nytt regeleverk som gir eit unntak frå EU-reglane vil vere den beste løysinga for korleis geitestamma på Skorpa i Herøy skal forvaltast i framtida.

Geiter på Skorpa

Geiter på Skorpa. Dei held stort sett god avstand til folk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Spørsmålet om merking av dyra har engasjert fleire i Herøy, inkludert leiaren for viltnemnda, Sigurd V Nygard, som også er ein kjend lokalpolitikar i kommunen.

Han meiner dyra på den fråflytta øya har levd der i mange generasjonar og at dei greier seg godt på eiga hand. Geitene bør behandlast som ville dyr meiner han.

Geit på Skorpa

Majestetisk geitebukk på Skorpa

Foto: Arne Flatin / NRK

Alv Ottar Folkestad har fulgt kystgeita si utvikling over mange år. Han meiner det er historikken som er det viktige, ikkje korleis nokon definerer desse dyra. Problemet er at dyra fell mellom to stolar. Dei er verken tame eller ville. Dei er så kalla forvilla husdyr.

Eit nytt regelverk vil kunne gje dyra unntak frå dagens EU-reglar, slik at dei til dømes slepp krav om merking. I Skottland har dei gjort det allereie med ei geitestamme.

Nytt regelverk

Grunneigar Leif Skorpen seier at eit nytt regelverk er den einaste fornuftige løysinga. Dersom det kjem krav om foring av dyra på dagar der det kjem kraftig snøfall, så ser ikkje han for seg kven som skal gjere dette. På slike dagar er det også ofte svært dårleg ver og vanskeleg å kome til med båt, seier han.

NRK er på Skorpa denne fredagen og ser ein stad mellom 40 og 50 dyr oppe i fjellsidene. Ein bukk er berre nokre titals meter frå oss, det same er ei geit som beitar heilt nede ved sjøen. Sistnemnde er truleg så gammal at ho nærmar seg det siste og difor har søkt seg vekk frå flokken.

Inga stor sak

Anne Stine Foldal Aam

Anne Stine Foldal Aam er seksjonsleiar i Mattilsynet

Foto: Arne Flatin / NRK

Anne Stine Aam Foldal som er seksjonsleiar i Mattilsynet seier at dette ikkje er ei stor sak for dei, men at dei må halde seg til EU-regelverket. Dei er opptekne av dyrevelferda og at dyra mellom anna har nok tilgang på mat i periodar der det vil vere mykje snøfall. Noko som ikkje er ofte ute på denne øya. I tillegg er det kravet om merking. Eit krav som vart innført for mange år sidan i samband med munn og klauvsjuka.

No skal Norsk institutt for bioøkonomi kartlegge korleis geitene på Skorpa lever. I samband med dette prosjektet vil det truleg kome fram verdifull informasjon om geitestammen på øya.

På Skorpa i dag

Alv Ottar Folkestad brukar kikkert for å sjå etter geitene på Skorpa. Bak frå venstre grunneigar Leif Skorpen, leiar for viltnemnda Sigurd V Nygard og representant for grunneigarane Ove Solbakk

Foto: Arne Flatin / NRK