Vil ha nye karantenereglar

Kommuneoverlege i Sande, Asta Sileikiene, ønskjer at alle som kjem inn til Noreg frå utlandet skal ha karanteneplikt. Ho fryktar at situasjonen kan gå tilbake til slik den var i mars. Helsedirektoratet skal behandle førespurnaden, etter at den vart sendt vidare frå fylkesmannen i går.