NRK Meny
Normal

Vil ha ny tunnel på Oppdølsstranda

Rassikringsgruppa i Sunndal går inn for at det blir bygd ny tunnel på riksveg 70 frå Sunndalsøra til Oppdøl.

Rassikringsgruppa vil ha tunnelinnslaget frå Oppdøl rett ut for det svært rasfarlege området i Horrvika.

Gruppa vil arbeide for å sikre at Oppdølsstranda beheld den prioriterte plassen sin på lista over rassikringsprosjekt i Møre og Romsdal. Det skal også arbeidast for å auke løyvingane til rassikring i samband med rulleringa av Norsk vegplan.

Gruppa meiner dessutan at det må monterast rassikringsnett for å trygge trafikken på Oppdølsstranda fram til tunnelen er ferdig.

Rassikringsgruppa i Sunndal blei oppnemnd av kommunen i februar 2007.