Vil ha ny Strynefjellsveg

Det blir heilt avgjerande for Nordvestlandet å få ein ny Strynefjellsveg, meiner eit samla næringsliv og politikarar i Nordfjord og på Sunnmøre. Dette var tema på ein samferdselskonferanse i Loen på yirsdag. Dagens veg har gått ut på dato med rasfarleg veg og gamaldagse tunnellar. Strynefjellsvegen må inn på Nasjonal transportplan i 2021, seier leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo frå Venstre. Styreleiar i Bøstrandgruppen seier at sjåførane i Bøstrand Transport opplever dagens veg som farleg. Leiaren i Stortingets transportkomite, Helge Orten frå Høgre, kan ikkje gi lovnader, men seier har ser behovet for ein ny veg.

Helge Orten, leder i transportkomiteen på Stortinget. Terje Bjørlykke i Bøstrand-gruppen i Ørsta
Foto: Trond Vestre / NRK