NRK Meny

Vil ha norske tre i norske fjøs

Treindustrien på indre Nordmøre vil ha norske bønder til å bygge fjøs av norsk tre og vil utfordrar utanlandsk import. Dei lokale trebedriftene Solem Sag, Kvatro og Talgø Møretre og Halsabedrifta GK Røe går difor saman med Bondelaget og Norsk landbruksrådgiving for å utfordre konkurrentane med sitt standardiserte Miljøfjøs laga av norsk tre. – Dette samarbeidet gjer oss meir slagkraftig ute i marknaden og eg håper det kan gjere oss til ein stor aktør, seier Bjørn Anders Moen i Kvatro.

Treindustri Nordmøre
Foto: Gunnar Sandvik / NRK