Hopp til innhold

Vil ha nasjonal dugnad for sjøkart

Direktøren for kartverket vil ha ein nasjonal dugnad for å få på plass digitale sjøkart for heile landet. Ytre Søre Sunnmøre er pilotområde, og karta vart presenterte på Runde miljøsenter i dag. Direktør Evert Flier trur karta vil vere avgjerande for framtida til Noreg.

Digitale sjøkart
Foto: Statens kartverk

– Vi har ikkje råd til å la vere å få plass desse karta for heile landet. Vi er i ei omstilling. Det blir mindre gass og olje. Vi ønsker å femdoble sjømatproduksjonen i løpet av dei neste 30 åra. Då må det kunnskap på plass, kunnskap som desse detaljerte karta vil kunne gje oss, seier Flier til NRK.

Tilgjengeleg for alle

Norges Geologiske undersøkelser (NGU) har i samarbeid med Statens kartverk,

Evert Flier

Evert Flier er direktør for sjødivisjonen i Statens kartverk.

Foto: Arne Flatin / NRK

kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven og Runde Miljøsenter utarbeidd nye kart for sjøområda i dei fem kommunane. Djupnekarta har svært høg oppløysing, og viser det undersjøiske landskapet og botntypane i stor detalj. Karta blir no tilgjengelege på internett og kan lastast ned både av kommunar og privatpersonar, opplyser Nils Roar Hareide ved miljøsenteret i ei pressemelding.

Flier seier dei no også arbeider for å få kartlagt sona mellom sjø og land. Der er ei fem-metersgrense som enno ikkje er kartlagt. Dette er eit svært omfattande og dyrt arbeid fordi det er tidkrevjande. Det å gå med båt så nært land byr på ein del problem, men dette er noko som skal løysast, seier Flier.

Gjer det enklare

På miljøsenteret i dag var det representantar frå alle dei fem kommunane på ytre Søre Sunnmøre. Knut Erik Engh som er ordførar i Ulstein, meiner dette vil gjere kommunal planlegging mykje enklare.

Knut Erik Engh

Knut Erik Engh er svært fornøgd med dei nye karta.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Dette blir veldig viktig for kommunen sine planleggarar fordi dei no har så gode grunnlagsdata å jobbe vidare med når ein skal lage detaljplanar. Vi har eit godt grunnlag for å lage temakart, og vi kan bruke det til å dele data og hente data frå andre.

Dei pengane kommunen har brukt på å vere med på dette prosjektet er vel anvendte pengar, seier Engh.