Hopp til innhold

Haga vil legge sjukehuset til Molde

Daniel Haga, direktøren i Helse Midt- Noreg, går inn for at det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir lagt til Opdøl i Molde.

Direktør Daniel Haga og styreleder Ola H. Strand i Helse Midt-Norge.

Direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg t.v. vil at det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge i Molde. Styreleiar Ola H. Strand og resten av styret gjer sitt vedtak om ei veke.

Dermed er katten ute av sekken for kva den administrative leiaren i Helse Midt -Noreg meiner er beste tomtevalet for nye-sjukehuset nord for Romsdalsfjorden.

– Nytt fellessjukehus vil bli eit stort løft for helsetenesta i Nordmøre og Romsdal. Ei avklaring av tomteval er ein viktig milepæl på vegen. Det er gjort godt arbeid og lagt fram solid dokumentasjon som gir grunnlag for å ta stilling no. Dette vil bli eit topp moderne sjukehus med høy kvalitet og det har innbyggjarane krav på, skriv direktør Daniel Haga i si innstilling.

Han fram si innstilling til styret i Helse Midt no klokka 11. Neste torsdag får vi vite som styret i Helse Midt deler hans vurdering.

Også argument for Kristiansund

Haga meiner det også finst argument som støtter opp om Storbakken i Kristiansund som relevant når tomt skal peikast ut.

Han meiner også at eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund bør vurderast i konseptfasen.

I løpet av dei sju åra det vil ta før nytt sjukehus kan takast i bruk, vil mykje skje innanfor tenestene pasientar kan få før dei blir sendt til sjukehus. Dette vil ha særleg stor tyding for dei som har lengst reiseveg til sjukehus, meiner Haga, og peikar mellom anna på at dette gjeld nye ambulansehelikopter.

I grunngjevinga for valet av Opdøl i Molde er det lagt vekt på fordelane ved å bygge sjukehuset nært det største fagmiljøet som er Molde.

Det gjer perioden fram til nytt sjukehus står ferdig mindre sårbar. Det tryggar også tilgangen på gode faglege ressursar ved starten i det nye bygget. Opdøl gir størst pasientgrunnlag for det nye fellessjukehuset og kortaste reisetid for flest innbyggarar, seier Hagen.

Les alt om sjukehus-saka her.

Godt nok

Konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal la i går sjukehussaka fram for sitt styre. Saka blei lagt fram utan innstilling om kvar sjukehuset bør ligge, og er i staden basert på idéfaserapporten.

Denne rapporten er kvalitetssikra av rådgivingsselskapet Holte Consulting. Dei konkluderte med at utgreiingsarbeidet som er utført siste tre åra, gir godt nok grunnlag for å bestemme kvar sjukehuset skal ligge.

Espen Remme, strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal

Onsdag formidla strategi- og utviklingsdirektør Espen Remme t.h. saman med konstituert administrerande direktør Dag Hårstad, sjukehussaka til styret i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi er glad for alle innspela Holte-rapporten kjem med. Rapporten er rådgivande og skal sjølvsagt vere med i det vidare arbeidet for bygginga av sjukehuset, sa strategi- og utviklingsdirektør Espen Remme då saka blei sendt til det lokale styret i går.

Eigen økonomirapport

Nye-sjukehuset kjem truleg til å koste mellom 5,5 til 5,8 milliardar kroner. Den økonomiske bereevna til sjukehuset har stort fokus gjennom heile utgreiingsarbeidet.

Det lokale helseføretaket styrer no i slutten av 2014 mot eit avvik i drifta på 75 millionar kroner, målt etter Helse Midt-Norges resultatkrav.

Administrasjonen i Helse Midt-Noreg RHF la i føremiddag også fram ein eigen rapport som analyserer den økonomisk berekraftig for eit nytt sjukehus i Møre og Romsdal.

– Dei økonomiske analysane som er gjennomført, viser at det vil bli krevjande, men fullt mogleg å realisere bygginga av nytt sjukehus, meiner Daniel Haga.

Økonomirapporten blir lagt ved saksdokumenta når det regionale styret behandlar sjukehussaka 18. desember.

Også idéfaserapporten som Helse Møre og Romsdal har hatt under arbeid like sidan vedtaket om eitt sjukehus kom i 2012, er med i sakspapira for det regionale styret. Det same er altså rapporten som vurderer kvaliteten til dette prosjektarbeidet.

Tre på rappen

Komande veke skal så sjukehussaka avgjerast på tre ulike møte. Først skal styret i Helse Møre og Romsdal seie sitt om plasseringa den 17. desember. Så tek altså styret i Helse Midt si avgjerd dagen etter.

Fredag den 19. desember blir så den endeleg avgjerda i den omstridde tomtestriden for nye-sjukehuset tatt. Då har Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) kalla inn til føretaksmøte for å avgjere det heile.

Målet for sjukehuset

Det nye sjukehuset har som mål å leverer god og fagleg spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Nordmøre og Romsdal.

«Tenestene skal vere likeverdige og tilgjengelege, tilpassa pasientane sitt behov og gjennom god ressursutnytting til beste for fellesskapet», heiter det i dokumenta som prosjektgruppa har arbeidd etter.