Hopp til innhold

Vil ha meir salting og strøing

Transportbransjen i fylket vil ha meir strøing og salting over Ørskogfjellet.

Trafikkaos
Foto: Reidar Opsahl, Bygdebladet

Torsdag kveld sto 10 til 15 vogntog fast på Ørskogfjellet og skapte store vanskar for andre trafikantar.Dei fleste av vogntoga var utanlandske, men problema på den viktige fjellovergangen skuldast like mykje at det er dårleg vedlikehald, seier langtransport-sjåfør Håkon Emdal:

-Meir salting!

- Vi har EU-godkjenning på bilane. Det burde vi snart få også på vegane, seier Håkon Emdal, som har køyrt langtransport sidan 1956. Han er ein av fleire sjåførar NRK Møre og Romsdal har snakka med som er misnøgde med vintervedlikehaldet på Ørskogfjellet. - Der det er over 4% stigning burde dei komme i gang med salting og strøing så snart det er under 5 grader, seier Emdal.

- Svart veg uråd

- Vi meiner det har vore rimeleg bra brøyting over Ørskogfjellet i år, seier seksjonssjef Ivar Hol i Statens vegvesen. - Vi kan ikkje ha utstrekt salting på Ørskogfjellet utan når det er is. Det er ofte mykje snø her, og skal vi halde svart veg over Ørskogfjellet, vil det krevje så store summar at det er heilt uråd. Ikkje er det rett av omsyn til miljøet heller, seier Ivar Hol.