Hopp til innhold

Vil ha meir pengar

Arrangørane av Sommarfesten på Giske ber no om meir pengar. Under festen var det sett opp store bøsser der folk kunne putte på pengar. Men arrangørane syns det blei for lite.

Ante Giskeødegård
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Arrangørane av Sommarfesten på Giske ber no dei som gløymde å donere pengar om å leggje att ein slant i spleisekassa. Oppmodinga kjem gjennom nettsamfunnet Facebook. Dei 15 000 som var innom spleisefesten på Giske sist helg donerte omlag 450 000 kroner. Ante Giskeødegård, som er ein av initiativtakarane, ber no om meir:

- Denne oppfordringa går helst til dei som gløymde å gje litt. Enkelte var ikkje klar over at vi ba om donasjonar, andre hadde berre med kort, og ikkje kontantar, seier Giskeødegård.

Vil ikkje selje billettar

Ante Giskeødegård seier dei ikkje ønskjer å selje ordinære billettar, slik andre festivalar gjer. Då vil dei heller be om pengar - ein ekstra gong:

- Vi ønskjer å halde fast på prinsippet om frivillig betaling, då kan folk gje det som dei kan, og går det rundt økonomisk, er det bra, seier han. Han trur ikkje folk kjenner seg lurte:

- Nei, det er framleis frivillig å gje, slår han fast.

- Går i balanse

Sommerfesten på Giske

Frivillige lagar mat under Sommerfesten på Giske.

Foto: Stig Morten Waage/NRK

Steffen Kjevik i styret for Sommarfesten seier at dei kan starte arbeidet med neste års festival dersom dei no får inn meir pengar:

- Det har gått ganske bra økonomisk, vi ser ut for å gå i balanse, men for oss er det kjekt å få inn litt ekstra, seier han. Ifølgje arrangørane var omlag 15 000 innom festivalområdet i løpet av dagen, og dei la igjen nesten ein halv million kroner i spleisekassa:

- Det gjekk over all forventing. I fjor fekk vi inn omlag 12 000, i år 450 000, så det er vi svært fornøgde med, seier han.

- Men med eit driftsbudsjett på 1,5 milionar kroner skulle vi gjerne hatt endå 100 000 kroner til i donasjonar, legg Ante Giskeødegård til.

Frå minus til pluss

I fjor gjekk festivalen med 150 000 kroner i underskot. Steffen Kjevik i styret for sommerfesten seier at dei har i større grad gått ut og oppmoda folk om å leggje att pengar i spleisekassa i år. Det gjer truleg at arrengementet går bortimot i balanse:

- Vi har også fått inn sponsorinntekter på ein halv million, så vi trur vi skal få endane til å møtast, seier han. Festivalen har fått mykje merksemd sidan det er frivilleg kor mykje ein vel å betale for å kome inn. Det er likevel svært viktig for framtida til sommerfesten at publikum bidreg med pengar:

- Vi er avhengig av donasjon, dersom det hadde stippa opp, hadde festivalen vore truga. Men i år er vi fornøgde med det vi har fått inn, seier Kjevik.

Sommerfesten på Giske

Alle artistar stilte opp gratis under Sommerfesten. Her spelar Director's Cut.

Foto: Stig Morten Waage/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL