NRK Meny
Normal

Vil ha meir digital kompetanse inn i politiet

«Operasjon Jupiter» i Ålesund har identifisert 84 overgriparar sidan oppstarten i desember 2016. No vil justisminister Sylvi Listhaug (Frp) satse hardt for å overvinne overgrep mot barn på internett.

Dark room

Arkivfoto: Operasjonar som «Dark Room» i Bergen og «Jupiter» i Ålesund har den siste tida identifisert fleire hundre barneovergriparar på internett.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Å avsløre overgriparane og hjelpe barna som blir utsett for denne vondskapen er ei av dei aller viktigaste oppgåvene framover.

Å kjempe mot det ho kallar «monstera på nett» er ei hjartesak for den nye justisministeren. Under sitt besøk hos Møre og Romsdal politidistrikt i Ålesund tysdag, sa Listhaug klart frå om at dette blir eit viktig satsingsområde.

– Nettet har gitt overgriparar moglegheiter til både møtast og utnytte barn, og dette er ein type kriminalitet vi må ha fullt fokus på vidare. Eg trur vi berre har sett toppen av isfjellet og at det kjem fleire avsløringar jo meir vi jobbar med det, seier ho.

Har identifisert eit titalssaker

Operasjonar som «Dark Room» i Bergen og «Jupiter» i Ålesund har den siste tida identifisert fleire hundre barneovergriparar på internett. Tysdag blei Listhaug orientert om prosjektet i Ålesund som har identifisert 84 overgriparar sidan oppstarten i desember 2016.

Oddbjørn Solheim

Oddbjørn Solheim har vore prosjektansvarleg for «Operasjon Jupiter» i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Her i Møre og Romsdal har vi identifisert rundt 20–21 overgriparar, resten er såkalla utspringssaker, seier Oddbjørn Solheim, prosjektansvarleg for «Operasjon Jupiter».

Til sommaren blir gruppa i Ålesund avvikla, men Solheim vektlegg at det ikkje betyr at arbeidet vil stoppe opp.

– Vi er berre i startgropa. Jupiter har gitt oss anledning til å jobbe dedikert med eit saksfelt som har skapt verdifull erfaring og kunnskap. Då er det naturleg å vidareføre det tilbake til dei linjene som skal jobbe med det dagleg, seier han.

Fokus på digital kompetanse

Kriminalitet i det digitale rom og integritetskrenkingar har fått auka merksemd og kravd meir ressursar dei siste åra. Slik målretta etterforsking krev høg digital kompetanse og modernisering innanfor politiet. I Ålesund har teamet bak «Operasjon Jupiter» bestått av personar med digital kompetanse, blant anna to dataingeniørar. Listhaug meiner at dette er eit felt politiet må løfte seg på i tida framover.

Sylvi Listhaug

Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner auka digital kompetanse blir eit viktig fokusområdet for politiet i tida framover.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi er nøydd til å få meir digital kompetanse inn i politiet. Meir kriminalitet flyttar seg frå gata og på nettet og vi er nøydd til å henge med. Det blir derfor kjempeviktig for politiet å rekruttere personar som kan dette godt, seier ho.

– Vil du jobbe for å få dette meir inn i utdanninga på Politihøgskolen?

– Det er noko eg vil ta med meg. Det blir i alle fall viktig å sette saman team med ulik bakgrunn for å ta desse overgriparane, seier justisministeren.

Ho får støtte av Solheim som meiner at dagens politimann må kunne meir enn å springe raskt og løfte tungt.

– Vi fekk oss ein vekkar i fjor då Oslo politidistrikt hadde ein pilot rundt digitalt politiarbeid og kva type kompetanse morgondagens politimann treng. Det har vi tatt på alvor blant anna med å vidareutdanne fleire av konstablane våre innanfor dette, seier han.