Hopp til innhold

Vil ha med dei tilsette i kampen mot minustala

Den nye direktøren i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, seier det er avgjerande å få dei tilsette til å løfte i flokk dersom helseføretaket skal få orden på økonomien.

Espen Remme - Helse møre og romsdal

SLIT: Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier at dei framleis slit med økonomien i helseføretaket.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Skal helseføretaket lukkast med å få orden på økonomien må dei tilsette få eit eigarskap til prosessen, meiner Espen Remme som starta i jobben som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal 1. september.

Framleis slit helseføretaket med minustal og har ikkje klart å snu skuta.

– Det er no viktig at dei tilsette får jobbe med det som er viktig for behandlinga av pasientane. Vi er nøydde til å ta oss god tid til å få ein kunnskapsorganisasjon til å virke.

– Men har de god tid?

– Nei, det har vi ikkje. Vi merker presset, men samtidig må vi vere sterk i trua å stole på at fagpersonane i organisasjonen får jobbe systematisk framover, seier Remme.

Den nye direktøren vil ikkje pushe dei tilsette med økonomi, prosent, tal og resultatmål. Han seier han vil bygge nedanfrå og trur det er ein føresetnad for å kunne lukkast.

Men samtidig er Remme under press. Eit nytt sjukehus skal byggast på Hjelset i Molde, det skal bli finansiert med lån. Helse Møre og Romsdal må skaffe seg økonomiske musklar.

Må effektivisere

Det betyr effektivisering og budsjett i balanse. Men det går framleis i minus.

– Prognosane er ikkje bra. Men vi må løfte nedanfrå. Alle 6000 tilsette må vere med. Det hjelp ikkje å stå å pirke ovanfrå, seier Remme.

Han trur effektivisering av drift, smarte løysingar og folk som løfter i flokk skal vere nok til å snu minus til pluss.

Kan Helse Møre og Romsdal bli tvungen til å samle fleire funksjonar på færre sjukehus eller flytte oppgåver mellom sjukehusa? Remme vil ikkje svare på det no. For svaret er avhengig av kva helseministeren vil servere når han legg fram sin nasjonale sjukehusplan.

– Det skal vi først ta når vi ser den nasjonale sjukehusplanen. Vi skal ikkje gå føre politikken i desse spørsmåla, seier han.