Hopp til innhold

Vil ha lokal leiing

Direktøren i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, går inn for å gjenninnføre lokal leiing ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal.

Dei siste åra har leiinga vore sentralisert og klinikkane har vore samla som éi felles eining, men med aktivitet ved fleire sjukehus.

– Med noverande organisering har ein ikkje klart å oppnå dei økonomiske resultata og krav som er stilt frå eigar og styret, skriv Bakke i saksdokumenta som er offentleggjorde i dag.

Ifølgje forslaget vil Bakke kombinere ei felles organisering av klinikkane med ein geografisk klinikkstruktur som er knytt til det einskilde sjukehuset.

Bakke kallar den nye organiseringa for ei hybridløysing.

– Stadleg leiing gjev større nærleik og meir synleg leiarskap, skriv Bakke.

Bakke vil under styremøtet om ei veke gjere nærare greie for korleis han vil kombinere stadleg leiing med eit system der klinikkar med felles fagområde også skal vere organisert i eit fellesskap i føretaket.

Øyvind Bakke
Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL