Vil ha Listhaug som nestleiar
Frp i Møre og Romsdal kjem til å vere aktive fram mot landsmøtet neste år for at Sylvi Listhaug frå Ørskog skal bli ny nestleiar i partiet etter Per Sandberg. Alt i juni gjorde fylkespartiet vedtak om å foreslå Listhaug til nestleiarvervet. Fylkesleiar Frank Sve meiner Listhaug vil virke samlande for partiet.