Hopp til innhold

Vil ha konkrete tiltak

– Det må kome fleire tiltak for småbedriftene. Det meiner Næringsforeningen for Ålesundsregionen. No ber dei ordførarane om hjelp. Administrerande direktør, Bente Lund Jacobsen, fortel at dei har sendt ei oppmoding til alle Sunnmørsordførarane om hjelp for å takle utfordringane knytt til koronaviruset. – Vi tenker at det er viktig å få med dei lokale politikarane og at dei kan påverke så godt dei kan opp til avgjerdstakarane i regjeringa og på Stortinget. – Vi ønskjer meir konkrete tiltak som kan hjelpe næringslivet til å overleve, seier ho.

Bente Lund Jacobsen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK