NRK Meny
Normal

Vil ha justisministeren på banen

Stortingsrepresentant ønsker å kople inn justisministeren i spørsmålet om teieplikt etter dødsulukka i Brusdalen i august i fjor.

Anders Anundsen foran plakat fra justisdepartementet

Justisminister Anders Anundsen (Frp) vert beden om å sjå på teieplikta for helsepersonell i etterforskingssaker.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Ulykke i Brusdalen

Ein person døydde og tre vart skadde i ei bilulukke i Brusdalen på Sunnmøre i fjor.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Når politiet i ettertid ser at det er behov for å sjå på ei analyse for å oppklare kriminelle handlingar, må helseveset gje slepp på teieplikta si. Elles vert det meiningslaust når dei tek blodprøver uansett, seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp).

Maren Rebekka Otterlei (49) omkom i ulukka på europavegen den 27. august i fjor. Ifølgje rapportar frå politiet og vegstellet var det ho sjølv som kom over i feil køyrebane, men dette viser seg no å vere feil.

Tvert imot var det den andre bilen som skar over i motsett køyrefelt, viser ein ny intern rapport frå Statens vegvesen. Det avslører TV2. Føraren av den andre bilen, ein mann i 50-åra, vart alvorleg skadd i ulukka og har sagt i avhøyr at han ikkje hugsar noko frå hendinga.

– Prinsipiell sak

Ei blodprøve vart rutinemessig teke på sjukehuset av mannen som køyrde den andre bilen, men på grunn av teieplikta kan ikkje sjukehuset gje blodprøvesvara vidare til politiet utan samtykke. Dette samtykket, som ville ha vore nyttig i etterforskinga, ville ikkje mannen gje.

Oskar Grimstad

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) meiner helsepersonell bør ha høve til å gje frå seg blodprøveanalysar til politiet.

Foto: Terje Reite / NRK

Grimstad kan ikkje godta at teieplikta i helsestellet skal vere heva over behov politiet måtte ha for informasjon. På prinsipielt grunnlag han derfor ta saka vidare politisk.

– Eg vil ta kontakt med justisministeren og be han sjå på det prinsipielle i dette slik at ein får ei løysing både for politiet, rettsstellet og helsestellet, seier han.

– Ein person som er uskuldig kunne fått skulda. Ein kan ikkje ha eit samfunn der slikt kan skje, legg han til.

Spesialeininga kopla inn

Spesialeininga for politisaker har no blitt kopla inn i saka der Otterlei fekk skulda. To passasjerar, den seks år gamle sonen hennar og ei venninne i 40-åra, vart begge skadd i ulukka.

– Det Spesialeininga no gjer er å innhente informasjon, så vi vil vurdere om det er grunnlag for å setje i verk etterforsking, seier juridisk rådgjevar Camilla Lie.