Vil ha hovudkontor for ferje-Noreg

Fylkesordførar Jon Aasen vil at eit nasjonalt ferjekontor må bli lagt til Møre og Romsdal. Som ein del av omstillingsarbeidet i Statens vegvesen og Vegdirektoratet har det vore diskutert å etablere ei landsdekkande eining for ferjeforvaltninga. Eit samla fylkesutval i Møre og Romsdal ser det som naturleg at eit nasjonalt ferjekontor vert lagt til landets største ferjefylke, Møre og Romsdal.

Portrett av Jon Aasen
Foto: Sissel Brunstad / NRK