NRK Meny
Normal

Vil ha Høgre med på skipstunnel

Partileiar Knut Arild Hareide seier det kviler eit stort ansvar på Høgre for å få til Stad skipstunnel. Tunnelen har vore utgreidd 19 gongar.

Knut Arild Hareide

Partileiar Knut Arild Hareide i KrF vil ha Stad skipstunnel realisert raskt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Partileiar Knut Arild Hareide snakka varmt for bygging av Stad skipstunnel då han besøkte fylkesårsmøtet til KrF i Ålesund fredag kveld. Og no vil ha Høgre med på planane.

– Stort ansvar på Høgre

Hareide seier det kviler eit stort ansvar på Høgre for å få bygd skipstunnelen, dersom det blir eit regjeringsskifte til hausten.

– Vi ønskjer å få til eit regjeringsskifte, og utan støtte frå Høgre er det svært vanskeleg å få Stad skipstunnel realisert. Det kviler eit veldig stort ansvar på Høgre i denne saka, sa Hareide under fylkesårsmøtet.

Les også:

Ingen tvil om KrF-standpunkt

Då Knut Arild Hareide innleidde fylkesårsmøtet i KrF i Ålesund etterlet han ingen tvil om kvar KrF står.

– Skipstunnelen gjennom Stad bør byggjast etter mange år med prat og utgreiingar, sa han.

Les også:

19 utgreiingar utan resultat

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

Stad skipstunnel slik det kan bli sjåande ut.

Foto: NORDWEST3D

Den planlagde skipstunnelen som skal bringe skip trygt forbi Stad, har vore utgreidd heile 19 gongar. Det har så langt ikkje ført fram. Hareide meiner det lokale engasjementet må til hovudstaden.

– Eg opplever at det er eit stort regionalt engasjement for saka, det engasjementet må no også inn til Oslo, sa Hareide.


Delt finansiering

Hareide foreslår eit spleiselag mellom private og det offentlege for å få realisert Stad skipstunnel.

– Ei slik løysing er for så vidt ok, men vi må ha ei statleg løyving, for å få dette til, seier Hareide.