Rådet oppmodar Stortinget til å vedta dette i tråd med utvalsarbeid og vedtak i Noregs Mållag i helga.
Nynorsk kultursentrum grunngir dette med fem argument: demokratisering, forståing, jamstilling, moderne lovspråk og autorisert tolking.
Tilgjengeleg for alle
Nynorsk kultursentrum meiner at Grunnlova er viktig for allmenne ordskifte om folkestyre og samfunnsutvikling.
– Å gjere Grunnlova tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk er å gjere grunnlaget for folkestyret tilgjengeleg for veljarane og for eit endå betre ordskifte om demokrati på norsk, skriv stiftinga i ei pressemelding.
- Les også:
Språk endrar seg med tida
I si tid blei Grunnlova skriven på det samtidsspråket som då gjaldt. Det går fram i pressemeldinga at språk endrar seg heile tida, og skilnaden er svært stor mellom det danske skriftspråket som blei brukt i 1814 og det bokmålet som blir brukt i Noreg i dag.
– Avstanden til moderne nynorsk er enda mykje større. Dei som vedtok lova gjorde det klart at Grunnlova skulle og måtte oppdaterast i takt med samfunnsutviklinga.
- Les også:
Uoffisiell utgåve i 150 år
Også Noregs Mållag krev at Grunnlova kjem på nynorsk, når ho no skal reviderast av Stortinget i mai.
Det har funnest nynorskutgåver av Grunnlova i om lag 150 år – men utan offisiell godkjenning.
- Les også:
- Les også: