Hopp til innhold

Vil ha gratis nattbuss for ungdom

Dersom ungdom kan bruke månadskortet på nattbussen vil det bli tryggare og betre for alle, utan at det vil koste noko som helst, meiner Erik Kursetgjerde.

Nettbuss, Ålesund

BILLIGARE: Dersom nattbussen blir billigare trur Erik Kursetgjerde at ungdom vil velje vekk pirattaxi.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

I ungdomstida på Sunnmøre har han sjølv vore avhengig av kollektivtilbodet i fylket. No tar Erik Kursetgjerde til orde for å fjerne nattaksten for dei som har periodebillett ungdom.

Kursetgjerde

IDEELT: Fylkestingsrepresentant (Ap), Erik Kursetgjerde, håper forslaget kan føre til fulle nattbussar, og på sikt skape ein kultur for å ta kollektivtransport.

Foto: Privat

– I dag får ein ikkje brukt ungdomskortet på nattbuss. Dette gjer at mange brukar pirattaxi for å kome seg heim om kveldane og nattbussane går tomme.

Kursetgjerde har fått fleire førespurnader frå ungdom at dette er noko dei gjerne vil ha opp til diskusjon.

Han trur det vil gi betre tryggleik, fleire reisande og meir ro i sentrum etter at uteplassane har stengt.

Kollektivtransport er ikkje berre miljø

Erik Kursetgjerde

I tillegg trur Kursetgjerde dette kan føre til at fleire bruker kollektivtransport, også resten av døgnet.

– Å få fleire til å bruke kollektivtransport er viktig. Om ein frå tidleg alder får eit forhold til det aukar sannsynet for meir bruk av kollektivtrafikk, seier han.

Ikkje dyrare for nokon

Kursetgjerde skal sette fram ein interpellasjon på fylkestinget i Fosnavåg om nokre veker, og han har argumentasjonen klar.

– I desse økonomitider ser ein at dette ikkje vil vere ein nemneverdig kostnad for fylkeskommunen.

Kursetgjerde peikar på at alternativet truleg er at ungdommane ikkje tar nattbussen i det heile tatt.

– Kanskje ein til og med vil sjå at fleire vel å bruke kollektivt etter ei slik endring, seier Kursetgjerde.

– I fjor gjekk også Hordaland fylkeskommune inn for å fjerne heile nattaksten i kollektivtrafikken, noko som også har sørga for meir ro i sentrum i helgene.

Vurderer heile tida

Samferdselssjef i Fylkeskommunen Arild Fuglseth seier dei heile tida vurderer taksten på dei ulike bussrutene.

Men dette spesifikke forslaget kan han ikkje uttale seg om enno.

– Vi er ikkje ferdig med å sjå på interpellasjonen enno, så det er litt tidleg å seie noko konkret.

Likevel er han open for å diskutere dette i tida som kjem.

– Dette kan fort bli ein av sakene vi diskuterer når vi skal ha gjennomgang av taksten i haust, seier Fuglseth.

Samferdselssjef Arild Fuglseth

VURDERAR: Samferdselssjef, Arild Fuglseth, er open for å diskutere taksten på bussrutene i fylket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK