Hopp til innhold

Vil ha forklaring på pengeløyving

Helge Orten frå Høgre stiller seg undrande til at regjeringa vil løyve 25 millionar kroner til fødeavdelinga i Kristiansund. Stortingsrepresentanten vil ha svar frå helseministeren på korleis dette skal sikre rekrutteringa av nødvendige fagfolk til avdelinga. Orten meiner det blir skapt eit inntrykk av at rekrutteringsproblemet kan løysast ved hjelp av pengar. Han vil ha svar på korleis denne øyremerkte pengesummen vil påverke drifta av dei andre fødeavdelingane i helseføretaket.

Helge Orten
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL