NRK Meny
Normal

Vurderer flytebru over Todalsfjorden

Bygging av flytebru blir eitt av fleire alternativ som skal vurderast for å skaffe ferjefritt samband over Todalsfjorden. – Eit spennande forslag, seier leiaren i Trollheimstunnelen AS, Bergsvein Brøske.

Bergsvein Brøske

Bergsvein Brøske, leiar i Trollheimstunnellen AS, er entusiastisk over forslaget om flytebru over Todalsfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det blei klart etter eit møte mellom kommuneleiinga i Surnadal og Sunndal, Trollheimstunnelen AS, Vegvesenet og Samferdsleavdelinga i fylket.

– Det er spennande for oss å finne ut om dette er ein veg som kan vere farbar, seier Bergsvein Brøske leiar i Tollheimstunnelen AS.

– Kostnadane stig heile tida og det er viktig om dette er eit spor som kan vere bra for alle partar, og kanskje også det billigaste løysinga, legg han til.

I løpet av hausten

Det er eit firma med erfaring frå oljeinstallasjonar til havs som har kasta fram forslaget om flytebru. Dei ønskjer å bruke Todalsfjorden som eit forsøksprosjektet for ny bruteknologi.

Firmaet LMG Marin står bak innspelet om flytebru, og det store spørsmålet er om ei flytebru kan konkurrere økonomisk med tunnelalternativa som ligg føre.

Firmaet skal i løpet av oktober finne svar på både den økonomiske og tekniske sida av prosjektet. I dette ligg også ei vurdering av kvar ei flytebru kan leggjast ved ei kryssing av Todalsfjorden.

– Eit aktuelt område

Mons Otnes

Ordførar i Surnadal, Mons Otnes vil sjå nærare på forslaget om flytebru over Todalsfjorden.

Foto: Pressbilde

Ordførar i Surnadal, Mons Otnes, trur Todalsfjorden vil kunne høve godt for ei flytebru.

– For å byggje flytebru må ein ha ein fjord med lite bølgehøgd og som er relativt lite utsett for dei harde nordvestlege vindane vi har i området, og då er jo Todsjorden aktuell, seier Otnes.

– Vi ønskjer å sjå nærare på dette alternativet no når vi vurderer alle alternativ, legg ordføraren til.

Fleire alternativ

Samtidig som flytebru blir greidd nærmare ut, held Statens vegvesen fram med utgreiingsarbeidet for dei andre alternativa for ein ferjefri Todalsfjord. Det vil seie alternativ med ein lang tunnel frå Ålvundeid – også kalla Trolheimstunnelen, ein kortare tunnel frå Ålvundfossen med bru over Todalsfjorden og undersjøisk tunnel under Todalsfjorden.

Vegvesenet greier ut desse alternativa på oppmoding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skisse Todalsfjordprosjekt

Fleire alternativ vert vurdert som del av Todalsfjordprosjektet (arkivfoto).

Foto: Eirik Haukenes / NRK