Hopp til innhold

Vil ha fleire redningsskøyter

Seks til åtte fleire skøyter fordelte langs kysten. Det må til om Redningsselskapet skal nå målet om å nå heile kysten på ein time.

Redningsskøyta søker i mørket

VIL VERE OVER ALT: Redningsskøyta skal ikkje vere meir enn ein time unna hendingar langs kysten, viss Redningsselskapet får det slik dei vil.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kristin Sandnes

– ME ER OFFENSIVE: Det seier Kristin Sandnes i Redningsselskapet om utvidinga i talet på redningsskøyter.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Mannskapet på desse skøytene vil vere frivillige, på same måte som enkelte av skøytene i dag er, seier marknadsansvarleg Kristin Sandnes i Redningsselskapet i Møre og Romsdal.

I dag har Redningsselskapet 42 skøyter stasjonerte langs kysten. Av desse har 25 løna mannskap, medan 17 har frivillige mannskap.

Vil løfte beredskapen

Skal Redningsselskapet nå målet sitt om aldri å vere meir enn ein time unna ulukker på kysten må dei opp i 50 redningsskøyter.

– Me prøver å vere offensive, og vil vere med på å løfte beredskapen i Noreg. Dette ser me for oss at me får til i løpet av ein treårsperiode, seier Sandnes.

Slik situasjonen er i dag ligg det ikkje an til at Redningsselskapet får dei pengane dei vil over statsbudsjettet. Medan dei bad om 76 millionar, får dei 56 millionar i neste års budsjett. Dersom det spriket blir dekt inn vil selskapet setje i gong utvidinga.

Må sikre økonomien

– Me må halde oppe den drifta me har i dag. Så må me etablere nye sjøredningskorps på dei stadene me har valt oss ut, seier Sandnes.

Dette trur ho at dei skal greie utan store ekstrakostnader, sidan ein håper på frivillige mannskap.

– Det er klart det kjem til å koste å drifte skøytene, med drivstoff og opplæring av frivillig mannskap. Men det trur me at me skal greie å til på eiga hand, me må gjere ein innsats sjølve og ikkje berre satse på politikarane, seier Sandnes.

Gåver og donasjonar har vore viktige når Redningsselskapet har skaffa seg nye skøyter. Også no håper Sandnes på at dei vil få hjelp når utvidinga kjem i stand.

– Ei redningsskøyte slik me snakkar om no vil truleg koste om lag ti millionar kroner, forklarer Sandnes.

I tillegg kan ein ende opp med litt ulike skøyter på forskjellige stader i landet, med ulikt utstyr alt etter kva behov ein har på ein kvar stad.

– Vil setje i gang raskt

– Me har ikkje hatt problem i Redningsselskapet med å få finansiert nye farty. Der er dei norske reiarane, næringslivet og privatpersonar store gjevarar og har vore det i hundre år. No håper me at dei vil vere med å ta dette løftet, seier Sandnes.

No håper ho at dei får økonomien på plass for å kunne setje i gong med utvidinga. Selskapet arbeider kontinuerleg for å få på plass nye skøyter, og vil raskt kunne gå i gong, fortel ho.

– Då startar me med ein gong. Då går me i dialog med næringslivet og privatpersonar i området der me ønskjer å etablere oss, og håper me kan snu oss rundt ganske raskt.