Hopp til innhold

Vil ha fleire kolleger

Åse Grebstad er Midt-Norge og Møre og Romsdals første spesialist på «rus- og avhengigheitsmedisin». Ho håpar spesialiseringsmoglegheiter vil føre til at fleire legar vel å jobbe innan rus.

Åse Grebstad

NYTT FELT: Rus- og avhengigheitsmedisin er eit heilt nytt felt. Hittil er det berre i N

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Det som har vore problemet er at dei som jobbar innan andre medisinske felt har hatt moglegheit til å spesialisere seg, medan dei som har jobba innan rus ikkje har hatt moglegheit til det. Noko som har gjort det svært vanskeleg å rekruttere og halde på legar. Men eg håpar at det skal bli lettare no, seier Grebstad.

Rus- og avhengigheitsmedisin-spesialist er ein ny type legespesialist, og det er foreløpig berre i Noreg at det finst spesialistar innan feltet. Overlege ved Ålesund behandlingssenter, Åse Grebstad, fortel at det er rusfeltets kompleksitet som gjer at det no blir oppretta ein ny spesialitet.

– Bakgrunnen er at ruslidingar rammar mange og kan få store helseproblem. Så er jo avhengnad ganske komplekst, tidlegare har ein plassert det inn under andre felt, men ein har kome fram til at det ikkje er nok. Det er eigentleg så komplisert at ein må ha eigne spesialistar innan det.

Størst behov

Vanlegvis tar det om lag fem til seks år å bli legespesialist og for å bli spesialist innan rus- og avhengigheitsmedisin må ein vere innom fleire ulike avdelingar som mellom anna avrusing og psykiatri. Grebstad fortel at ho på Ålesund behandlingssenter arbeider der det er størst behov.

– Eg er innom det meste, og er der det er størst behov for meg. Så eg blir på ein måte Ålesund behandlingssenter si potet, eg er innom både avrusing, poliklinikken og behandling og utgreiing.

Alkohol største problemet

Ålesund behandlingssenter er ein av to klinikkar for innbyggarar i Møre og Romsdal som slit med rus og avhengnadsproblem. Grebstad forklarer at rusproblematikken i Møre og Romsdal er om lag slik som i resten av landet.

– Det nok om lag like mykje avhengnad her som elles i landet og det er alkohol som er hovudproblemet. Alkoholbruken har auka kraftig dei siste åra, særleg hjå dei over femti. Det er kanskje og alkoholen det er vanskelegast å snakke om.